Haugaland Opplæringskontor (IHO) er eigd av medlemsbedriftene som styrer aktiviteten til kontoret gjennom Årsmøtet og styret. Medlemsbedriftene i opplæringskontoret vel på årsmøtet 5 medlemmer i styret. Opplæringskontoret har ein tilsett som dagleg leiar.
Hovedoppgåva for opplæringskontoret er rekruttering og oppfølging av lærlingar i dei av medlemsbedriftene som ynskjer å ta inn lærlingar.
Haugaland Opplæringskontor engasjerar seg òg i saker som fremmar fagutdanning og kompetanseheving i distriktet og samarbeidar med grunnskulane i kommunane og dei vidaregåande skulane. Opplæringskontoret er t.d. engasjert i yrkesorientering i skulane, utdanningsmesser, tilbodsstrukturen i vidaregåande skule.
I tillegg ordinære lærlingkontraktar tilrettelegg opplæringskontoret for medlemsbedriftene også i dei andre ordningane som gir fagutdanning: praksiskandidat, avvikande opplæringsløp, opplæringskontraktar, voksenlærlingar.
Lærlingordninga er del av vidaregåande utdanning og styrt gjennom opplæringslova og utarbeidde læreplanar for kvart fag. Yrkesutdanningsnemnda i fylket godkjenner og fører tilsyn med opplæringa i bedriftene. Som kontraktpart med lærlingen er opplæringskontoret kontakt og ansvarleg mot fylkeskommunen. Samarbeidet med medlemsbedriftene om opplæringa er styrt gjennom vedtekter for Haugaland Opplæringskontor og retningslinjer for samarbeid med medlemsbedrifter.
Normalt er halve læretida i bedrift opplæring medan den andre halvdelen blir rekna som verdiskaping for bedrifta. For den delen som er verdiskaping skal lærlingen ha utbetalt løn frå bedrifta. Opplæringsdelen skal ikkje lærlingen ha løn for men fylkeskommunen betalar ut tilskot til lærebedrifta.
Haugaland Opplæringskontor blir drive av medlemskontingent og lærlingtilskotet for lærlingane. Overskotet frå opplæringskontoret blir utbetalt kvart år i høve til kor lang tid og kor mange lærlingar kvar medlemsbedrift har. Utbetalinga varierar i høve til kor mange lærekontraktar kontoret har og kor stor aktivitet kontoret har. Utbetalinga til medlemsbedriftene har til når vore mellom 65% og 90% av lærlingtilskot.
Satsar:
Medlemskontingent (pr. år) kr. 500,-